søndag 18. mai 2008

17.mai med Alta Mannskor


Eg fekk vera med Alta Mannskor på sangoppdrag ved Altagård den 17.mai. Sjøl om nordavinden forsøke å gjera livet surt, trur eg da let ganske bra faktisk. Koret er ein flott gjeng som er glad i å syngja, og som set si æra i opptreden på nasjonaldagen. Etter Altagård deltok me i Gudstenesta på Elvebakken kirke. Ja, Vi elsker har neppe vore framført på ein meir kraftfull måte i kyrkja. Artig å vera med på!

lørdag 3. mai 2008

Alle vil ha


Da e ikkje berre smålammo som vil ha ein skvett! Mamma har eit svare strev med 5 kopplam, og da e ingjenting å se på apetitten.

fredag 18. april 2008

Norge Rundt frå Huglo

Norge Rundt på Nrk vart sendt frå Huglo i dag. Det var programleiar Geir Rommetveit som forøvrig hadde hytte i Tveitevågen som starta med å ta sjåarane med på rundtur på øya med Huglabussen. Deretter fekk me sjå korte innslag mellom anna frå Huglabutikken, øving i skulekorpset og frå smågrisane i Sørhuglo. På biletet ser me barnehagen på "butikkbesøk".

Det var ein fin førehandsomtale på innsida.no, og dei som ynskjer det kan sjå reprisen på nrk.no

lørdag 2. februar 2008

Bru til Huglo - snart ein realitet?


Hordaland fylkeskommune og Stord og Tysnes kommune har no løyvd pengar for vidare arbeid med reguleringsplan for bruprosjektet kunne me lesea i innsida.no her for nokre dagar sidan. Det er fylkeskommunen som eig vegen på Huglo, og biletet ovenanfor er henta frå fylkesvegplanen der Fv 56 Fastsamband til Huglo er omtala som eit større fylkesvegprosjekt. I planen står det nærare om prosjektet:
Etter gjennomført forstudie med alternativsiling, og planprogram (okt 2005), vert det sett igang reguleringsarbeid med parallell konsekvensutgreiing (KU) for det såkalla alternativ IVa. Dette alternativet er samla sett vurdert som det
beste utfrå kostnader, miljøomsyn og kva som vil vere eit tenleg ferjefritt
samband for Huglo. Innanfor denne traseen vert det no vidare vurdert tre
variantar, med meir eller mindre dagline/tunnel.

Det har vore arbeidd i mange år med fastsamband til Huglo, og Huglo Bygdalag har dette som si sak nr 1. No ser det altså ut for at styringsgruppa i prosjektet der mellom anna ordførarane i Stord og Tysnes sit, ynskjer at Hordaland fylke startar utbygginga så snart som råd.

Bli med i Få fortgang i huglabrua! på Facebook

fredag 28. desember 2007

Ny bok om utvandinga til Amerika frå Huglo


Pappa har vore med på å skriva bok om utvandinga til Amerika frå Huglo i "gamle daga".
Men da er faktisk ikkje så veldig lenge sidan, ein av dei siste huglarane som reiste var pappa sin onkel, og i 2004 var eg med på tur til Vancouver, Canada og besøkte to av søksenbarna til pappa. Me var også til USA og besøkte slektningar der, og den litt humoristiske reiseskildinga mi frå turen kom faktisk på trykk :-)
Det forlokkande landet kan kjøpast i Huglabutikken på Nordhuglo

søndag 18. november 2007

Alta sentrum utvidast

No byrjar arbeidet med utviding av alta sentrum mot vest. Omtrent akkurat der gravemaskina står kjem Nordlyskatedralen, og litt bak og til høgre Badeland. Bak ser me det nye Rica Hotell og Gågata.