mandag 14. august 2006

Kjapp

Jaja, så veldig liten er han no eigentlig ikkje :-) 4,75 er no ganske bra, og med 50 hestar går det så det susar. Inger har allereide døypt farkosten, og navnet "Kjapp" burde vel vera nokså beskrivande. No skal da bli fisking utover hausten og vinteren ...

lørdag 24. juni 2006

Tynses rundt 2006

Eg hadde sett fram til Tysnes rundt heilt sidan eg var med forrige gong for tre år sidan. Det var 11. året på rad Tysnes Kystlag arrangerte roturen. I år var da meg og Njål som for avgåre i oselvaren "Svanen" som vart bygd på Drange i 1973.

Me "juksa litt" og rodde direkte frå Tveitevågen på Huglo og nord til Flakkavågen på Tysnes fredagskvelden i staden for å bli slept nord til Årbakka først. Men det er omtrent akkurat same distansen som dei som starta på Årbakka og rodde sørover. Me hadde medvind og ein fin tur nordover, medan dei som starta ut frå Årbakka fekk ein kraftig motvind og til dels store problemer rett etter start. Les meir om det i "Tysnesingen".

På tur inn til VågePå Flakkavågen var det nok myggen - eller smikko - som me seier, som var det me hugsar best. Eg tru ikkje nokon som var der hadde vore med på noko værre. Overnatting i telt unde slike forhold var ein utfordring for å sei det sånn. Turen vidare sørover laurdag morgonen, og nord Nuen gjekk fint, men det kom eit ofseleg regnver før me kom inn til Våge. Men det letta no opp til slutt der også, og kvelden på Solstråleøya vart som vanleg kjempeflott. Artig at venelaget har fått til å restaurera det gamle vaktmeisterhuset der. Øya har ein nesten utruleg historie om ein ekesentrisk engelsk adelsmann som bygde eit eige slott der for hunde år sidan, og som seinare faktisk også har vore i Olav V si eige. Historia om Solstråleøen er no også er kommen på trykk i ei ny bok av Norolf Henriksen og Kåre Bolstad. PS: Norolf var ikkje med på Tysnes rundt i år, men har vore fast innslag og hadde eit fantastisk kåseri sist eg var med.

På tur sørover søndag fekk me fylgje av vetaranskipet M/S Granvin, som kom frå Våge og gjekk til Bergen med folk og båtar på dekk etterpå. Kjempeartig! For å sei da sånn; eg trur ikkje da blir siste gongen verken eg eller Njål er med på Tysnes rundt, og neste år stiller me gjerne med fleire båtar frå Huglo :-)

tirsdag 20. juni 2006

Ny nettside for Alta Motettkor


Eg har endeleg fått på plass nye nettsider for Alta Motettkor. Dei gamle sidene var laga med tradisjoenlt opplegg i FrontPage og bruk av frame, og ikkje særleg enkle å oppdatera. No har eg brukt WordPress 2.0 med standard norske malar. Det har vore interesant å finna ut av korleis dette systemet virkar samanlikna med Blogger, og særleg dette med publisering i kategoriar og sider har eg utnytta. Har pusla med det ei stund, men veit ikkje kva system eg likar best likevel. Dei har kvar sine kvalitetar.

Ellers er det nærast uendeleg mange malar å finna til WordPress, men eg likar best den enkle og reine stilen utan for mykje fiksfaks. Håpar sidene vert bra etterkvart, og at kanskje fleire kan publisera og ikkje minst kommentera innlegg. Målgruppa for nettsidene til motettkoret har nok endra seg litt, frå primært å vera retta mot publikum og andre interesserte, til no også å omfatta medlemmer og spesielt interesserte i større grad. Håpar ikkje publikum synes det vert for mykje internt stoff.

fredag 12. mai 2006

11. cm snø 12. mai

11 cm snø11 cm snø viser dei kalde fakta, og me skriv 12. mai. Da er jo ikkje heilt uvanleg med litt kvitt i mai her på 71 grader nord, i fjor var da faktisk på same måten 10. mai.

Me trudde likevel at våren var kommen for å bli i år. Snøen forsvann på nokre hektiske aprildagar, og 1. mai stod eg ute i t-skjorte heile dagen og olja båten akkuat som i fjor, før me sette poteter. Bjørka er snart grøn overalt, og på søndag var da 21 grader!

tirsdag 2. mai 2006

sunnhordland.no - på nett til slutt


Vikalappen, eller bladet Sunnhordland avisa eigentleg heiter er no å finna i nettutgåve. Etter eige utsagn som den nest siste dagsavisa i Noreg. Jaja, eg fekk omtrent det same inktrykket når eg abonnerte på papirutgåva her i Alta i nokre år, det var alltid den nest siste utgåva eg fekk...
Det er flott med nettutgåve, men førebels er det no mest reklame ser det ut for. PDF-utgåva kan jo kanskje vera greit for oss som bur langt unna. Ellers synes eg Sunnhordland må passa på skrivemåten sin. Avisa skal vera på nynorsk, men nokre artiklar er likevel på bokmål.
Hvis det det står noko om Huglo i avisa, så finn du det her.

søndag 30. april 2006

No e det bart

Nå e det bart
Skisesongen er definitivt over, i allefall her i låglandet. No er våren på full fart, tidlegare enn på mange år. Det tradisjonsrike Bæskadesrennet på ski over det sagnomsuste fjellområdet skulle eigentlig gå sist helg, men måtte avlysast på grunn av storm. Tanken går til Nordal Griegs kjente dikt, Morgen over Finnmarksvidda (utgitt på CD av Alta Motettkor)

Ved gry, da vi kom på Bæskades,
Røk der et uvær opp.
Et piskende, vannrett snekov
Hvinte over fjellets topp.
Tungt støttet vi oss til stormen,
Tvungne å ta en hvil.
Renene våre var trette
Etter de dryge mil.
Og landet stirret imot meg;
Det gråner av stein og sjø -
I havkok gynger et drivgarn.
Blant svaberg glimter en bø.
Blodslit takker for armod.
Stridt blir favnet av stridt.
Så nevn, i storm på Bæskades,
Det du har bragt som ditt!

Bæskadesrennet gikk derfor av stabelen 30.april, og det var sannelig i siste liten. Fleire stader langs løypa måtte me stiltra oss for å unngå grusen, og ned mot Gargia var det definitivt slutt på snøen. Føret var ellers upåklagelig, og me suste avgårde over fjellet med lett bris og sola i ryggen. Faktsik så me kom før (!) i mål enn konkurranseklassen, og nådde første bussen tilbake til Alta.

tirsdag 25. april 2006

Reinkappkjøring i Kautokeino


Da gjekk for seg under reinkappkjøring i Kautokeino påskeafta. Kusken står bak på lette ski og her er det full innsats heilt frå startbåsen åpner seg til reineigaren får kasta seg rundt halsen på det stakkars dyret når det går over mål. Rundt banen tar det ca 1 min 30 sek, men det var litt vanskelig å forstå alt speakeren sa.
Sjå fleire bilder frå reinkappkjøringa

lørdag 15. april 2006

innsida.no - nettavis frå Stord og Kvinnherad

"nettstaden for lokal informasjon" heiter det på innsida.no, med ymse nyhende frå Kvinnherad og Stord. Ei ekte nettavis heimante altså, ikkje noko mindre!
Det dei skriv om Huglo finn du her.


Hovedoppslaget på framsida nyleg var dramatisk nok: Katten vekke - havørn hovedmistenkt, og her kan me lesa at katten forsvann for tre veker sidan og at det antakeleg er ørna som har teke han. "Tommy" var ein nokså spesiell og veldig kjekk liten katt som mamma og pappa hadde fått hos Åsmund. Sorga over å missa han var derfor stor. Så om du har ein tam liten kattunge til overs, vert dei sikkert glad om du tek kontakt.

fredag 24. mars 2006

Tur til Svalbard


Me hadde ein fabelaktig tur til Svalbard sist veke. Fredagen var det møter saman med Umoe IKT og Cisco på den flotte nye Forskningsparken ved Universitetet på Svalbard som opnar offisielt 26. april i år i samband med markeringa av Longyearbyen 100 år.
Det var ein veldig spennande arkitektur med heil koparkledning utvendig, og lyst treverk og mykje bruk av kopar også innvendig. IT-gutta viste oss mellom anna nettverks- og IP-telefoniløysingar av same type som me held på å installera hos oss i Statped. Dei har også nyleg fått fiberkabel til fastlandet gjennom Uninett.

Laurdag lånte me fullt utstyr og la ut på skutertur i "turistområdet" i retning Barentsbug, og sjølv om me måtte snu på grunn av mykje fokksnø, var det ein flott tur. Om ettermiddagen la derfor nokre av oss på ein ny liten kevldstur over Longyearbreen og ned mot Coles Bay. Den turen var ein højdare med nydeleg solnedgang. Søndagen var det langtur heilt til østkysten med guide, men været var nokså surt og kaldt, og det me huskar mest var kanskje kulig og snøfokk og "kolonnekjøring" over breen.

Bjørn As bjørnOvernatting på Mary Anns Polarrigg var rimeleg og heilt greit, men det var nokså lytt i korridoren seint på fredagskvelden, og ikkje heilt trygt for isbjørn i palmehaven.

Isbjørnfoto: Lasse.

Sjå bilder eg tok på Svalbard, eller sjekk Lasse sin blogg og Børge si heimeside.

søndag 5. mars 2006

Ismodell av Nordlyskatedralen

Da e berre ein ting å sei om kjempemodellen i snø og is av den nye Nordlyskatedralen i Alta: stilig !!!

Modellen vart "avduka" under opninga av Borealisfestivalen 2006, og i Finnmark Dagblad som eg har lånt detta bilde frå e da både ein artikkel om planleggjinga av modellen og ein artikkel om sjølve opninga. Da var eit innslag på fjernsynet frå opninga også.

Søndag vart borealisfestivalen avslutta med gudsteneste utanfor iskyrkja, og Alta Motettkor deltok. Eg nådde akkurat heimatt til den heller kjølige opptreden. Da var veldig spesielt å stå der framfor den flotte modellen i snø og is og lys, medan nordlyset flamma opp i bakgrunnen.

fredag 3. mars 2006

Sildaeventyr på Huglo

"Sildo e komen" sa dei gamle, når årets vintrasild kom inn fjordane og til vågane rundt Huglo. For oss som vaks opp på syttitalet var dette berre gamle historiar og eventyr. Sette me ut gadn om vinteren fekk me oftast berre nokre nokre få sildar om me var heldige. Eg hugsar forresten at me fekk litt fleire ein gong, opp i 70 trur eg på det meste. Ellers kunne me trygt setja ut både to og fira sildagadn uten å vara redd for at me ikkje skulle klara å bera heim fangsten. Da var rett og slett lite sild å få, og pappa laut samla heile vinteren for å få nok til å røykja sild i eldhuset.

I dei siste åra har sildafiskje på Huglo tatt seg opp, noko fangstrapportar frå både slekt og grannar, og vareprøver frå pappa kan fortelja. Men det er framleis langt frå slike mengder som i historiane me har fått fortalt frå gamle dagar. Da var derfor ikkje med så veldig stor forventning me vart med å dra sildagadn no på fredag. Pappa og Per Egil hadde sett ut rett frå kaien slik dei brukar, men fortalte at dei hadde lagt merke til at garna sokk ned like etterpå. Antakelig var det gått på ein liten stim med det same. Dei hadde rett. Da var gått på ein heil stim, og Per Egil kunne berre ausa inn stor sild. Heile båten vart mest fylt framme før me kom til endes. Heldigvis hadde pappa med traktoren, og tre store stampar med sild kunne køyrast heim. Sjå fleire bilder. Da vart eit heila arbeid, og hundrevis av sild skulle sløyast og saltast, eller fileterast og bli til sildakaker. Mamma stod heile kvelden og steikte, og hos Per Egil var da lys ute i kjellarhalsen der han stod og steikte kaker til langt på natt.

søndag 15. januar 2006

mgp semifinale 2006 i Alta


Forventningane var skrudd opp, og heile Alta hadde Grand Prix feber. Folk gjekk mann av huse og stimte inn i Finnmarkshallen laurdagskvelden for å overværa årets begivenhet med glitter og glam. For oss som sat nokså langt bak fortona det heile seg som eit heilt vanleg fjernsynsshow med alt for høg lyd og med alt for liten skjerm. Men langt der framme kunne me også skimta artistane live samstundes. Eg hadde ikkje noko særleg kjennskap eller forventningar til nokre av dei, - det var stemninga me kom for å oppleva. Og så ordførearen då sjølvsagt!
Og stemning var det! Når 3000 elleville og forventningsfulle altaværingar vart bedne av mannen i ruta om å klappa, så klappa vi - og det vert mykje lyd og spetakkel av slikt. Altaposten har eit kjempestort oppslag med Trine rocket Alta frå mgp showet. Nrk har sjølvsagt også oppslag frå Alta, og heile sirkuset var eit kjempestort PR-show for Nordlysbyen. Initiativet til å få mgp til Alta kom for berre to månader sidan, og Marit Hætta Øverli skal ha æra og ros for at ho turde foreslå noko "så villt" og så gjera det.

Bilde frå Nrk