lørdag 2. februar 2008

Bru til Huglo - snart ein realitet?


Hordaland fylkeskommune og Stord og Tysnes kommune har no løyvd pengar for vidare arbeid med reguleringsplan for bruprosjektet kunne me lesea i innsida.no her for nokre dagar sidan. Det er fylkeskommunen som eig vegen på Huglo, og biletet ovenanfor er henta frå fylkesvegplanen der Fv 56 Fastsamband til Huglo er omtala som eit større fylkesvegprosjekt. I planen står det nærare om prosjektet:
Etter gjennomført forstudie med alternativsiling, og planprogram (okt 2005), vert det sett igang reguleringsarbeid med parallell konsekvensutgreiing (KU) for det såkalla alternativ IVa. Dette alternativet er samla sett vurdert som det
beste utfrå kostnader, miljøomsyn og kva som vil vere eit tenleg ferjefritt
samband for Huglo. Innanfor denne traseen vert det no vidare vurdert tre
variantar, med meir eller mindre dagline/tunnel.

Det har vore arbeidd i mange år med fastsamband til Huglo, og Huglo Bygdalag har dette som si sak nr 1. No ser det altså ut for at styringsgruppa i prosjektet der mellom anna ordførarane i Stord og Tysnes sit, ynskjer at Hordaland fylke startar utbygginga så snart som råd.

Bli med i Få fortgang i huglabrua! på Facebook