fredag 28. desember 2007

Ny bok om utvandinga til Amerika frå Huglo


Pappa har vore med på å skriva bok om utvandinga til Amerika frå Huglo i "gamle daga".
Men da er faktisk ikkje så veldig lenge sidan, ein av dei siste huglarane som reiste var pappa sin onkel, og i 2004 var eg med på tur til Vancouver, Canada og besøkte to av søksenbarna til pappa. Me var også til USA og besøkte slektningar der, og den litt humoristiske reiseskildinga mi frå turen kom faktisk på trykk :-)
Det forlokkande landet kan kjøpast i Huglabutikken på Nordhuglo

søndag 18. november 2007

Alta sentrum utvidast

No byrjar arbeidet med utviding av alta sentrum mot vest. Omtrent akkurat der gravemaskina står kjem Nordlyskatedralen, og litt bak og til høgre Badeland. Bak ser me det nye Rica Hotell og Gågata.

søndag 29. juli 2007

Preikesundag i Onarheimskyrkja

Gamle klede og anna vart teke i bruk då Onarheim Bydalag og Tysnes Kystlag inviterte til Preikesundag i Onarheimskyrkja på Olsokdagen.

Nokre kom med hest og kjerre og andre med robåt, og etterpå var både gamlelensmann og ordførar tilstades på "kyrkjebakken".

Konene i bydgalaget hadde tatt på seg dei game Tysnehuene, og hadde mykje godt med seg i tinene. Det vart nok til alle.

onsdag 18. juli 2007

Skarveheimen og Aurlandsdalen med DNT

Årets fjelltur med DNT gjekk i Skarveheimen (pdf) og ned Aurlandsdalen. Ein flott og minnerik tur som trygt kan anbefalast! Me hadde all slags ver, og gjekk frå høgfjell til fjord saman med ein fin gjeng. Det var nokre frå Holland og Tyskland, så me fekk læra litt framand språk og kultur også. Klikk på bilete for å sjå meir frå turen.

onsdag 23. mai 2007

Midnattsola kom i år også ...

Det er like flott kvart år, og eg må ta det same biletet omatt og omatt ... Men slik ser det algtså ut frå stoveglast heime i Apanesveien ved midnatt 22.mai. Sola tek seg enda ein liten tur bakom fjella så vi får lagt oss, men om nokre dagar klarar ho å klyva over.

Snart er det sommar !

søndag 20. mai 2007

Trollholmsund

Da er dimmensjonar over sjølvaste "stortrollet" blandt trolla i Trollholmsund i Porsanger. Me hadde ein flott rundtur til Øst-Finnmark og intrykka vart etterkvart nokså mange. Pappa var fortvila over at all den gode kalksteinen berre stod der uten at nokon brukte han, mens mamma var meir oppteken av korleis ho skulle få fortelja om dette så fleire kunne få oppleva det :-)

fredag 18. mai 2007

søndag 8. april 2007

Påsketur

Første påskedag vart endeleg veret bra for påsketur, og me tok turen frå Stilla til Reinbukkelvhytta og ned dalen. Årets påske mangla så menn ikkje på snø, og over fjellet var da heilt nydeleg og vindstille i dag. Ellers har påskeveret vore nokså ustadigt, med ein god del nordavind og snøbyger.

Me trudde faktisk våren var i annmarsj for eit par veker sidan. Da blei varmt og fint og da såg nesten ut som mesteparten av snøen skulle fara, i allefall heime med husa. Men no er det på'an igjen med brøyting og styr. Det spørs om ikkje ordtaket dei seier her nord slår til i år, at dersom skaren ber ein vaksen mann til sankthans vert det nok ein sein vår ...

fredag 2. februar 2007

Alta satsar høgt


Det er bygjeboom og i Alta satsar dei no på da eina meir spektakulæra prosjektet enn da andra. Da ska vara høgt og flott, og i sentrum av byen vil folk bu skal ein tolka investorane. Alta som tidlegare har hatt ord på seg for ikkje akkurat å vera perla i smykkeskrinet er med andre ord i ferd med å utvikla seg til ein moderne by. Kem skulle trudd det nokre år sidan?

Altaposten hadde i dagens avis ein presentasjon av heile 1900 planlagte bustadeiningar dei neste 3 åra, og 250 av desse midt i sjølve i bykjernen. I tillegg eit skikkeleg fyrtårn av eit høghus nede ved båthavna. No er det nokikkje alt av dette som vil verta realisert, men 250 bustadeningar er allereide under byggjing berre i sentrumsområdet. Legg ein så til at det samstundes bygjest hotell, butikkar, kontor, kinosalar og snart også ein katedral midt i sentrum, vert bilete av Alta som ein by i sterk vekst tydelig.

lørdag 20. januar 2007

MF Bergensfjord


Ho ruva godt ved kaien inne på Halhjem, den nye gassferja MF Bergensfjord. I går var eg så heldig å få reisa med ho, og det var litt av eit skip. Eg tok nokre fleire bilete rundt omkring på dekk og i salongen, og det var mykje interesant å sjå. Men stolane og benkjene var frykteleg dårlege å sitja på !!!

fredag 19. januar 2007

Stormen Per

Stormen Per herja på Huglo sist helg, og mest alle dei stakkars furene som mamma brukte å ha klesnorene i gjekk overende natt til søndag. Dei ramla sjølsagt rett ned på dei nye juletregranane og øydela mykje. Neste natt ramla endå eit par i den sterke vinden, og då var det ikkje anna råd enn å la dei siste også gå overende med motorsaga. Men no er det god utsikt, og me fekk heldigvis dradd opp det meste med vinsj.
To store bjørker gjekk også overende nedafor huset vårt, så da vert nok rikeleg med ved framover ...

søndag 14. januar 2007

Google Docs & Spreadsheets

Google dokumenter!

Dette er er min første test av Google Docs & Spreadsheets. Det gode er at det er gratis og at dokumenter kan redigerast, skrivast ut, lagrast og delast direkte på nettet. Her er til og med versjonskontroll :-) Dei dårlege sidene vil antakeleg visa seg ...
Det skikkeleg smarte er at det er integrert med Blogger. Teksbehandlingsdelen kan sjølvsagt importera Word-format, og gjerne lagra i pdf om så. Reknearkdelen handterar Excel. Det er også integrert eit samhandlingsverktøy, slik at ei gruppe personar kan redigera på felles dokumenter. Treng eg sei at det også har ulike typar RSS publisering, tagging, norsk (diverre berre bokmål endå) ordrettefunsjon, direkte støtte for e-post, insetting av bilder, tabellar, spesialteikn, kommentarar og sikkert mykje anna snacs.

Oppdatert blogg-verktøy frå Google

asbjorns blogg er skrive med verktøyet Blogger frå Google. No har det endeleg komen i ny versjon, med overgang frå statiske sider til databasebaserte sider. Det har ei rekkje fordeler, mellom anna at det vert mykje enklare å endra utsjånad, gruppering av element osv. Men det aller beste er at det no endeleg vert støtte for kategoriar - eller Emner som eg kallar det.

Men hjelp av kategorifunksjonen kan eg merkja kvart innlegg med eit eller fleire sjølvvalgte emner, slik at det vert lettare å finna fram i gamle innlegg. Det vert eit slags "forhåndsdefinert søk". Ellers er søkefunksjonen også kraftig oppdatert, slik at du direkte kan få bloggen til å visa alle innlegg som inneheld akkurat ditt søkjeord. Søk finn du heilt oppe til venstre på sida !

Har også nytta høve til å velgja ei heilt anna utsjånad på asbjorns blogg enn tidlegare, men innhaldet er likevel det same :-) Hurra for Blogger - framleis gratis - og no også integrert med verdas beste e-postprogram, gmail!