lørdag 24. juni 2006

Tynses rundt 2006

Eg hadde sett fram til Tysnes rundt heilt sidan eg var med forrige gong for tre år sidan. Det var 11. året på rad Tysnes Kystlag arrangerte roturen. I år var da meg og Njål som for avgåre i oselvaren "Svanen" som vart bygd på Drange i 1973.

Me "juksa litt" og rodde direkte frå Tveitevågen på Huglo og nord til Flakkavågen på Tysnes fredagskvelden i staden for å bli slept nord til Årbakka først. Men det er omtrent akkurat same distansen som dei som starta på Årbakka og rodde sørover. Me hadde medvind og ein fin tur nordover, medan dei som starta ut frå Årbakka fekk ein kraftig motvind og til dels store problemer rett etter start. Les meir om det i "Tysnesingen".

På tur inn til VågePå Flakkavågen var det nok myggen - eller smikko - som me seier, som var det me hugsar best. Eg tru ikkje nokon som var der hadde vore med på noko værre. Overnatting i telt unde slike forhold var ein utfordring for å sei det sånn. Turen vidare sørover laurdag morgonen, og nord Nuen gjekk fint, men det kom eit ofseleg regnver før me kom inn til Våge. Men det letta no opp til slutt der også, og kvelden på Solstråleøya vart som vanleg kjempeflott. Artig at venelaget har fått til å restaurera det gamle vaktmeisterhuset der. Øya har ein nesten utruleg historie om ein ekesentrisk engelsk adelsmann som bygde eit eige slott der for hunde år sidan, og som seinare faktisk også har vore i Olav V si eige. Historia om Solstråleøen er no også er kommen på trykk i ei ny bok av Norolf Henriksen og Kåre Bolstad. PS: Norolf var ikkje med på Tysnes rundt i år, men har vore fast innslag og hadde eit fantastisk kåseri sist eg var med.

På tur sørover søndag fekk me fylgje av vetaranskipet M/S Granvin, som kom frå Våge og gjekk til Bergen med folk og båtar på dekk etterpå. Kjempeartig! For å sei da sånn; eg trur ikkje da blir siste gongen verken eg eller Njål er med på Tysnes rundt, og neste år stiller me gjerne med fleire båtar frå Huglo :-)

tirsdag 20. juni 2006

Ny nettside for Alta Motettkor


Eg har endeleg fått på plass nye nettsider for Alta Motettkor. Dei gamle sidene var laga med tradisjoenlt opplegg i FrontPage og bruk av frame, og ikkje særleg enkle å oppdatera. No har eg brukt WordPress 2.0 med standard norske malar. Det har vore interesant å finna ut av korleis dette systemet virkar samanlikna med Blogger, og særleg dette med publisering i kategoriar og sider har eg utnytta. Har pusla med det ei stund, men veit ikkje kva system eg likar best likevel. Dei har kvar sine kvalitetar.

Ellers er det nærast uendeleg mange malar å finna til WordPress, men eg likar best den enkle og reine stilen utan for mykje fiksfaks. Håpar sidene vert bra etterkvart, og at kanskje fleire kan publisera og ikkje minst kommentera innlegg. Målgruppa for nettsidene til motettkoret har nok endra seg litt, frå primært å vera retta mot publikum og andre interesserte, til no også å omfatta medlemmer og spesielt interesserte i større grad. Håpar ikkje publikum synes det vert for mykje internt stoff.