søndag 15. januar 2006

mgp semifinale 2006 i Alta


Forventningane var skrudd opp, og heile Alta hadde Grand Prix feber. Folk gjekk mann av huse og stimte inn i Finnmarkshallen laurdagskvelden for å overværa årets begivenhet med glitter og glam. For oss som sat nokså langt bak fortona det heile seg som eit heilt vanleg fjernsynsshow med alt for høg lyd og med alt for liten skjerm. Men langt der framme kunne me også skimta artistane live samstundes. Eg hadde ikkje noko særleg kjennskap eller forventningar til nokre av dei, - det var stemninga me kom for å oppleva. Og så ordførearen då sjølvsagt!
Og stemning var det! Når 3000 elleville og forventningsfulle altaværingar vart bedne av mannen i ruta om å klappa, så klappa vi - og det vert mykje lyd og spetakkel av slikt. Altaposten har eit kjempestort oppslag med Trine rocket Alta frå mgp showet. Nrk har sjølvsagt også oppslag frå Alta, og heile sirkuset var eit kjempestort PR-show for Nordlysbyen. Initiativet til å få mgp til Alta kom for berre to månader sidan, og Marit Hætta Øverli skal ha æra og ros for at ho turde foreslå noko "så villt" og så gjera det.

Bilde frå Nrk