lørdag 20. januar 2007

MF Bergensfjord


Ho ruva godt ved kaien inne på Halhjem, den nye gassferja MF Bergensfjord. I går var eg så heldig å få reisa med ho, og det var litt av eit skip. Eg tok nokre fleire bilete rundt omkring på dekk og i salongen, og det var mykje interesant å sjå. Men stolane og benkjene var frykteleg dårlege å sitja på !!!

fredag 19. januar 2007

Stormen Per

Stormen Per herja på Huglo sist helg, og mest alle dei stakkars furene som mamma brukte å ha klesnorene i gjekk overende natt til søndag. Dei ramla sjølsagt rett ned på dei nye juletregranane og øydela mykje. Neste natt ramla endå eit par i den sterke vinden, og då var det ikkje anna råd enn å la dei siste også gå overende med motorsaga. Men no er det god utsikt, og me fekk heldigvis dradd opp det meste med vinsj.
To store bjørker gjekk også overende nedafor huset vårt, så da vert nok rikeleg med ved framover ...

søndag 14. januar 2007

Google Docs & Spreadsheets

Google dokumenter!

Dette er er min første test av Google Docs & Spreadsheets. Det gode er at det er gratis og at dokumenter kan redigerast, skrivast ut, lagrast og delast direkte på nettet. Her er til og med versjonskontroll :-) Dei dårlege sidene vil antakeleg visa seg ...
Det skikkeleg smarte er at det er integrert med Blogger. Teksbehandlingsdelen kan sjølvsagt importera Word-format, og gjerne lagra i pdf om så. Reknearkdelen handterar Excel. Det er også integrert eit samhandlingsverktøy, slik at ei gruppe personar kan redigera på felles dokumenter. Treng eg sei at det også har ulike typar RSS publisering, tagging, norsk (diverre berre bokmål endå) ordrettefunsjon, direkte støtte for e-post, insetting av bilder, tabellar, spesialteikn, kommentarar og sikkert mykje anna snacs.

Oppdatert blogg-verktøy frå Google

asbjorns blogg er skrive med verktøyet Blogger frå Google. No har det endeleg komen i ny versjon, med overgang frå statiske sider til databasebaserte sider. Det har ei rekkje fordeler, mellom anna at det vert mykje enklare å endra utsjånad, gruppering av element osv. Men det aller beste er at det no endeleg vert støtte for kategoriar - eller Emner som eg kallar det.

Men hjelp av kategorifunksjonen kan eg merkja kvart innlegg med eit eller fleire sjølvvalgte emner, slik at det vert lettare å finna fram i gamle innlegg. Det vert eit slags "forhåndsdefinert søk". Ellers er søkefunksjonen også kraftig oppdatert, slik at du direkte kan få bloggen til å visa alle innlegg som inneheld akkurat ditt søkjeord. Søk finn du heilt oppe til venstre på sida !

Har også nytta høve til å velgja ei heilt anna utsjånad på asbjorns blogg enn tidlegare, men innhaldet er likevel det same :-) Hurra for Blogger - framleis gratis - og no også integrert med verdas beste e-postprogram, gmail!