fredag 24. mars 2006

Tur til Svalbard


Me hadde ein fabelaktig tur til Svalbard sist veke. Fredagen var det møter saman med Umoe IKT og Cisco på den flotte nye Forskningsparken ved Universitetet på Svalbard som opnar offisielt 26. april i år i samband med markeringa av Longyearbyen 100 år.
Det var ein veldig spennande arkitektur med heil koparkledning utvendig, og lyst treverk og mykje bruk av kopar også innvendig. IT-gutta viste oss mellom anna nettverks- og IP-telefoniløysingar av same type som me held på å installera hos oss i Statped. Dei har også nyleg fått fiberkabel til fastlandet gjennom Uninett.

Laurdag lånte me fullt utstyr og la ut på skutertur i "turistområdet" i retning Barentsbug, og sjølv om me måtte snu på grunn av mykje fokksnø, var det ein flott tur. Om ettermiddagen la derfor nokre av oss på ein ny liten kevldstur over Longyearbreen og ned mot Coles Bay. Den turen var ein højdare med nydeleg solnedgang. Søndagen var det langtur heilt til østkysten med guide, men været var nokså surt og kaldt, og det me huskar mest var kanskje kulig og snøfokk og "kolonnekjøring" over breen.

Bjørn As bjørnOvernatting på Mary Anns Polarrigg var rimeleg og heilt greit, men det var nokså lytt i korridoren seint på fredagskvelden, og ikkje heilt trygt for isbjørn i palmehaven.

Isbjørnfoto: Lasse.

Sjå bilder eg tok på Svalbard, eller sjekk Lasse sin blogg og Børge si heimeside.

søndag 5. mars 2006

Ismodell av Nordlyskatedralen

Da e berre ein ting å sei om kjempemodellen i snø og is av den nye Nordlyskatedralen i Alta: stilig !!!

Modellen vart "avduka" under opninga av Borealisfestivalen 2006, og i Finnmark Dagblad som eg har lånt detta bilde frå e da både ein artikkel om planleggjinga av modellen og ein artikkel om sjølve opninga. Da var eit innslag på fjernsynet frå opninga også.

Søndag vart borealisfestivalen avslutta med gudsteneste utanfor iskyrkja, og Alta Motettkor deltok. Eg nådde akkurat heimatt til den heller kjølige opptreden. Da var veldig spesielt å stå der framfor den flotte modellen i snø og is og lys, medan nordlyset flamma opp i bakgrunnen.

fredag 3. mars 2006

Sildaeventyr på Huglo

"Sildo e komen" sa dei gamle, når årets vintrasild kom inn fjordane og til vågane rundt Huglo. For oss som vaks opp på syttitalet var dette berre gamle historiar og eventyr. Sette me ut gadn om vinteren fekk me oftast berre nokre nokre få sildar om me var heldige. Eg hugsar forresten at me fekk litt fleire ein gong, opp i 70 trur eg på det meste. Ellers kunne me trygt setja ut både to og fira sildagadn uten å vara redd for at me ikkje skulle klara å bera heim fangsten. Da var rett og slett lite sild å få, og pappa laut samla heile vinteren for å få nok til å røykja sild i eldhuset.

I dei siste åra har sildafiskje på Huglo tatt seg opp, noko fangstrapportar frå både slekt og grannar, og vareprøver frå pappa kan fortelja. Men det er framleis langt frå slike mengder som i historiane me har fått fortalt frå gamle dagar. Da var derfor ikkje med så veldig stor forventning me vart med å dra sildagadn no på fredag. Pappa og Per Egil hadde sett ut rett frå kaien slik dei brukar, men fortalte at dei hadde lagt merke til at garna sokk ned like etterpå. Antakelig var det gått på ein liten stim med det same. Dei hadde rett. Da var gått på ein heil stim, og Per Egil kunne berre ausa inn stor sild. Heile båten vart mest fylt framme før me kom til endes. Heldigvis hadde pappa med traktoren, og tre store stampar med sild kunne køyrast heim. Sjå fleire bilder. Da vart eit heila arbeid, og hundrevis av sild skulle sløyast og saltast, eller fileterast og bli til sildakaker. Mamma stod heile kvelden og steikte, og hos Per Egil var da lys ute i kjellarhalsen der han stod og steikte kaker til langt på natt.