mandag 26. desember 2005

Morgonstemning ved Rondane

Morgonstemning ved Rondane
Ja, slik kan utsikten mot Rondane ta seg ut dersom du tek ein tur til Venabygdsfjellet på sjølvaste julafta, akkurat i det sola kjem opp.

Til venstre ser me Storesmeden og Veslesmeden, og til høgre Rondeslottet. Området mellom dei skogkledde åsane på Vanabydsfjellet og Rondane er eit flott turtereng på ski. Til vinterferien og påske vert det køyrd milevegs med preparerte løyper, så spenn på deg skia.

PS: Bilete er teke ved foten av Kyrkjegardsfjellet, ikkje langt frå hytta vår.

fredag 9. desember 2005

huglo.net


Huglo fått si eiga offisielle nettside: www.huglo.net kor øya og det som skjer der vert omtala. Det er Huglo Bygdalag som står bak publikasjonen, og sjølv om den ikkje er heilt ferdig endå ser det veldig bra ut så langt. Håpar dei som står bak legg til rette for at det kan verta ei dynamisk side som både turistar, fastbuande og utflytta huglarar kan ha nytte av. Eg tilhøyrer vel den siste kategorien.

Huglo - midt i SunnhordlandDet står litt av kvart om Huglo på Internett frå før, sikkert mykje meir enn det eg klarar å finna. Eit søk med Google Blogsearch etter Huglo i asbjorns blogg kan jo vera interesant nok for dei som orkar prøva, det står også ein god del om Huglo på pappa si heimeside. På nettleksikonet Wikipedia er det allereide lagt inn ein artikkel om Huglo, så her er det berre for andre skrivelystne å fylgja opp med meir stoff. Ellers gjev eit generelt søk på norske nettstader etter Huglo svært mange treff - det er tydeleg at det skjer litt av kvart på øya.

torsdag 1. desember 2005

Årets juleplate

"Den store stjerna" frå Alta Motettkor vert kanskje å finna under mange juletre i år. Koret har tidlegare gitt ut tre plater, og den fjerde vart det ei ekte juleplate med englar og stjerner på coveret. Eg har vore med på tre plateutgjevingar, og det er like kjekt og spennande kvar gong. På motettkoret sine heimesider som eg puslar med i ledige stunder, kan du finna og faktisk også høyra på alle utgjevingane.

"Den store stjerna" er ei fin samling med både nye og gamle julesongar, og mykje av materialet på plata er skreve eller arrangert spesielt for Alta Motettkor. Ann-Beth Solvang som har vore med i koret tidligare er solist på denne plata, akkurat som på de forrige. Ho har jammen utvikla seg og har ei fantastisk flott stemme. Me gler oss masse til ho kjem oppover og blir med på julekonserten i år, den 11.des i Elvebakken kirke, og 12.des i Øksfjord kirke.

tirsdag 8. november 2005

Altaposten på nett med blogg

Lokalavisa Altaposten annonserte i dag sin nye blogg, Finnmarksbloggen, med undertittelen Meninger om mangt... Alle dei store riksavisene har jo hatt bloggar ei god stund allereide, men det er likevel spennande at lokalavisene no kjem etter. "Fenomenet" blogging har dermed gått endå eit skritt frå å berre vera noko som datanerdar driv med til å bli noko som heilt vanlege folk etterkvart tek i bruk.

Eg trur vi kjem til å sjå at "avisbloggane" etterkvart vert eit godt supplement til vanlege lesarbrev. Men det er eit stykke att, enno er det berre opna opp for at folk kan gå inn og kommentera på journalisten sine tema. Folk kan ikkje skriva om det dei sjølv ynskjer, slik som i vanlege lesarbrev. Men så langt lovar Finnmarksbloggen godt, berre etter ein halv dag på nettet har han to innlegg og meir enn ti kommentarar. Det skal verta spennade å følgja med i den næraste tida korleis det utviklar seg.

Er det feigt å ikkje kommentera? Tja, det er kanskje det, ein "garva bloggar" burde gjerne vore tidleg ute og markert seg i staden for å komma med sine kommentarar for seg sjølv i eigen blogg. Men det er også ei side ved blogging, folk kommenter like gjerne andre stader. Men dukkar det opp eit intersant tema ein dag, kan det godt henda eg legg inn ein kommentar i Finnmarksbloggen. Terskelen er jo ikkje så veldig høg.

lørdag 22. oktober 2005

Bloggsøk frå Google

Endeleg eit skikkeleg verktøy for bloggsøk frå Google. Det har vore nokså ymse med søkjeresultat tidlegare, og sjølv om eg har freista å registrera asbjorns blogg har ikkje Google villa snusa skikkeleg på sidene før no.
Det står BETA endå, og det tyder vel på at det går ei stund før denne kjem fra på Google si hovudside på same måten som bilete, grupper og katalog, og med norsk språkdrakt. Men det kjem vel etterkvart. Uansett kan eg varmt anbefala google.com/blogsearch, der finn du tekst frå millionar av bloggar rundt omkring.

Flyfoto frå heile Noreg

Norge i bilder heiter ein nettstad som inneheld flyfoto av heile landet, med ein svært god detaljeringsgrad. Det er Norges kartverk som står bak.

Søk etter adresse, og du får fram bilete frå der du bur, i den målestokken du sjølv vil. Her ser du Apanesveien 49, teke ein vårdag for nokre år sidan antakeligvis. Det er litt meir skog langs gjerde mot vest no.

torsdag 6. oktober 2005

Opera nettlesar på nynorsk

Kva er vel betre enn ein norskprodusert gratis nettlesar som er betre/raskare enn Internett Explorer? Det måtte vel vera at den er på nynorsk ... og det er akkura det Opera er! Versjon 8.5 kan lastas ned både på bokmål for dei som føretrekk det, og på nynorsk sjølvsagt.

Opera mini for mobiltelefon
Kjøpte ein slik 3G mobiltelefon frå Sony Ericsson her for eit par veker sidan, og det er jo supre greier. Særleg tilkoplig til PC og kommunikasjon mot Internett går som ei kule. Men når eg installerte og brukar Opera mini på mobiltelfonen i staden for å bruka den innebygde nettlesaren, vart han enno raskare til lesing av nyheter og mail. Opera fungerar nemlig ved at sidene vert oversette av ein servar til "smal-skjerm" og alle bilder krympa til høveleg skjermbredde før sidene vert sendt til mobiltelefonen. Det tek nokre sekundar å konvertere sidene, men så går det mykje raskare å lasta opp sidene etterpå. Dessutan vert det betre å lesa og manøvrera på den knøttlitle skjermen, sidan sidene vert omformaterte først. Opera mini (Java) til mobiltelefon er også gratis. Installering skjer heilt enkelt ved å senda ein SMS med kodeord "Opera" til 1984, og så følgja instruksjonen vidare. Det tok eit halvt minutt, så var telefonen "betre enn ny". Gjorde etterpå same stuntet med ein eldre modell utan 3G, og det gjekk så det susa det også.

tirsdag 4. oktober 2005

Brudlaupsfest for Roald og Marta

Da skjedde plutselig, me fekk berre ein liten tekstmelding om at Roald hadde gifta seg. Jaja, heilt uventa kom det jo ikkje, for eg forsto at noko var i gjerde då me prata saman tidlegare i sommar. Og at da hadde skjedd på båttur til Selje og Sunniva-klosteret var jo heller ikkje så veldig uventa :-)

Dei tok i allefall til vetet til slutt og inviterte til brudlaupsfest på Utsein kloster utafor Stavanger, noko me sjølvsagt var veldig glade for! Det var ein veldig flott fest, og eg fekk til og med liggja over i kapteinslugaren på Sunniva. Gratulera og til lukke begge to!

Ta nærare kontakt om de ynskjer å sjå fleire bilder.

lørdag 1. oktober 2005

Haust

No er hausten kommen til Alta, med nydelege fargar og fine turar. Hausten er kanskje den aller finaste årstida, akkurat passelig varmt og ikkje mygg. Naturen er raus både med fargar og smakar, bilde ovanfor er frå ein flott tur til Skoddevarre sist søndag, og nedafor er det pappa som er i eplehagen på Tveit no på laurdag. Sjå fleire haustbilete på Flickr fotoalbum.


søndag 25. september 2005

4Choice frå Sortland Møbelfabrikk

Nettsidene til Sortland Møbelfabrikk as er oppdatert, og 4Choice er ein av dei nye modellane i 2005. Ein heilt eigen serie for Bohus-kjeda i lekker kvit eller brunbeisa bjørk. Modellen vart presantert på messa i haust, og vart godt motteken etter det eg skjønar.

Sjå fleire nyheter frå fabrikken på Huglo.

lørdag 17. september 2005

Hit, men ikkje lengre

Så langt fekk me gå, men forbi skiltet var på eiga ansvar. Skiltet var foresten det einaste i Norge med svart bunn, før hadde dei hatt svart bjørn på kvit bunn, men då trudde folk det var svartbjørn og ikkje isbjørn...

Det var mykje spennande å sjå på Svalbard, men det er litt begrensa kva ein får tid og mulighet til på ein tur med jobben. Me budde på Spitsbergen Hotell, også kalla "Funken" då det var her funksjonærane budde i gamle dagar. Eit flott hotell med mykje historie i veggane. Det var foresten eit heila styr med å ta av og på sko heile tida, det var strengt forbudt med utesko inne på Svalbard :-)

Me var veldig heldige med været, men denne tida på året var kanskje den aller minst spesielle på Svalbard. Midnattsola og mørketida er mykje lengre der enn heime i Alta, men no omkring haustjevndøger er det natt og dag som vanleg også på Svalbard (sjå webkamera frå Longyearbyen). Første dagen fekk me ein guida busstur rundt i Longyearbyen, men bussen snudde ved isbjørnskiltet på vei videre innover dalen. Etter busstur var det besøk på Svalbard museum.

Dagen etter var det tur til SvalSat, og det var fantastisk spennade. Veien opp var eit eventyr i seg sjøl, og på toppen var det seks store antennar som såg ut som røyksoppar. På slutten av omvisninga fekk me gå inn i ein av antennehusa og sjå på når dei roterte den digre antenna mot ein av satellittane. Servarrommet var litt større enn det me puslar med til daglig... og dei tok ned data med 150 Mbps i ca 10-15 minuttar kvar gong ein satellitt passerte over polarhimmelen. Det aller meste var vær og miljødata i form av bilder. Normalt bruka dei 100 minutt på ein runde, så kvar antenne klarte vel å betjena 4-5 satellittar. No skulle dei utvida stasjonen og dobla antal antennar.

Ein tur til Svalbard kan absolutt anbefalast. Det var eit eldorado for shopping av sportsklær, alkohol og tobakk, men ellers var sentrum av Longyearbbyen som ein middels nordnorsk utpost med eit par tusen innbyggjarar.

Sjå fleire bilder frå Svalbard.

onsdag 31. august 2005

E det her en bra båt mon tru?

Det e det store spørsmålet for tida ... eg kom i snakk med eigaren av denne sjarken ein kveld, og no klarar eg ikkje å bestemma meg for om eg skal ta kontakt på nytt for å sjå nærare på båten. Den er ca 26 fot, med eit djupt klassisk sjarkskrog. Den ser i allefall ut til å ha fått eit ganske godt vedlikehald utvendig.

søndag 28. august 2005

Halddemarsjen


Det var strålande vær på årets Halddemarsj. Sondre måtte vera heime sidan det var så mange andre hundar der, men Inger lova han ein tur til Haldde ei anna helg hvis han hadde lyst til det. Dessutav var det stor fare for å møta reinsdyr så tidleg på hausten.

Me passa Øyvind og Kari heile helgja, og derfor var det berre naturlig at dei også måtte vera med. Dei var nok litt skeptiske, men me rusla no oppover alle fire. Etter forholdsvis kort tid sakke me karane atter, medan jentene for oppover. Og trur du ikkje at dei klarte turen heilt opp! Kari var nokså sliten, men det var no litt av ei bragd likevel.

Øyvind og eg tok det som nevnt litt rolegare i bakkane, men begge kom seg omtrent til tregrensa for eigen motor- og det er sltt ikkje værst for ein fireåring. Med litt hjelp av Asbjørn kom me oss over første kneika, og heilt innover til elva før me møtte Inger og Kari på tur nedatt. Uansett, det var litt av ei bragd det også synes me. Her er nokre fleire bilder frå Halddeturen.

tirsdag 23. august 2005

Multer


Årets multer vart sikra i lett yr og skodde. Men det borgar vel berre for kvaliteten. Dette eksemplaret stor ein hemmelig plass i Alta, nærare bestemt på Skoddevarre. Øyvind var også med på årets multetur. Sjå fleire bilder...

mandag 22. august 2005

Facelift for asbjorns blogg

Eg har gjort ein liten "facelift" på asbjorns blogg etter ferien, slik at han skal bli litt ryddigare og enklare i designen. Det var stort sett berre å velgja ein annan mal, men eg har også korrigert litt skrifttyper, fargar og margar etc. i høve til malen. Eg har også kutta ut "heimesida", det vert for mykje å oppdatera. Bloggen er grei nok, og no har eg også fått inn ei lita stipe med "beste bilder" nederst til høgre.

Kom gjerne med kommentarar både til utsjånad og innhald, men merk at du må skriva inn eit hemmeleg kodeord når du skal leggja inn kommentarar heretter. Dette er for å hindra spam å komma inn i kommentarane.

lørdag 20. august 2005

The Cowboy Man

Eg måtte berre leggja ut dette bildet, tatt under landbruksdagane eller noko slikt i Alta. Det var ein skikkelig sydame frå Tana som hadde kreert denne jakka, og som absolutt ville ha meg som modell. Jaja, jakka var slett ikkje dum den, "sjøjakke" frå 1800-talet var visst inspirasjon, men eg trur no ikkje dei såg heil sånn ut:-)

Det vart foresten tid til ein liten tur på sjøen etterpå, saman med Ole. Jammen fekk me litt fisk også!

mandag 15. august 2005

Ferietid

IMG_0782
Ferietid er ei god tid, og her er det mamma som er i godt hummør ein fin kveld heime ved utepeisen. Da vart ein del jobbing med å tjørebreia og leggja torvtak på uteplassen i ferien, men eg trur det vart veldig fint til slutt. Det er alltid nokre prosjekt på gong heime. Litt tid til fisking vart det likevel :-) På hytta var det arbeid med besing, ordning i "hagen", montering av sofa, skap og hyller og vaskemaskin, alltid godt å ha nokre prosjekt der også.

Det var veldig kjekt at mamma og pappa og Kari og Per Egil kom på besøk nokre dagar på hytta også. Det var sjølvsagt på den store 40-årsdagen, men det vart også tid til ein par små fjellturar, besøk i Ringebu stavkyrkje, ein til til Lillehammer og Maihaugen, og til Peer Gynt framsyning ved Gålåvatnet.

Ellers var Jostein og Anne Marie og ungane og Johannes på hytta mest kvar dag me var der i ferien, og det var veldig kjekt. Me hadde også besøk av Ingrid og Gyntas og Aida, og av Tor og Målfrid på 40-årsdagen.

Sjå fleire feriebilder

mandag 1. august 2005

Pappa lagar nydelege ting


Pappa lagar nydelege ting på dreiebenkjen. Her er det bilde av to flotte skåler / fat som har ei heilt speseill form og er beisa med ein flott fiolett frage. På Hugla-tre sine nettsider kan du sjå bilete av fleire av produkta, og ta kontakt dersom du ynskjer å kjøpa noko av det han lagar.

onsdag 29. juni 2005

Succesfestival

Sidumo Jacobs og seminarkoret under banketten laurdagSå var landsfestivalen for kor 2005 i Alta over. Arrangementet vart svært vellukka, og me har berre fått gode tilbakemeldingar. Les også kva Ingrid Danbolt i Norges korforbund skriv. Det spørs no likevel om det vert noko pengar att i kassen etter at alle rekningane er betalte. Uansett synes eg det var verdt strevet, og eg håpar at korlivet i Alta har fått ein "puff" oppover, og eit godt samarbeidsklima å byggja vidare på. Som sekretær i Alta Motettkor og meldem i festivalkommiteen, må eg få lov å berømma alle som stod på seint og tidleg både med planleggjing og gjennomføring av festivalen. Salar og bord skulle pyntast, vaktlister, festivalprogram og menyar planleggjast berre for å nevna noko.

Me opplevde nokre flotte festivaldagar, og tonen vart slegen an i opningskonserten som vart verdig leida av Dankert Røst. Her opna felleskoret med "Kølvann" får det det eine høgdepunktet fylgde etter det andre. Etter opningskonserten bar det avgarde til båthavna og St.Hansfeiring med bål og dans og grilla laks. Regnet haldt seg heldigvis borte heilt til over midnatt, sjølv om det var litt vind.

Fredagen starta med eit forrykande seminar med Sidumo Jacobs, før lunsjkonsert og seminaret haldt fram. På kvelden var det kyrkjekonserar og deretter midnattskonsert med festivalkoret Vokal Nord frå Tromsø. Det var ei gripande stund, og koret framførete mellom anna Jesu Meine Freude på ein glitrande måte.

Laurdag starta Magnar Mangersnes eit heilt anna slags seminar enn Sidumo, og her var det refleksjon og omtanke som stod i fokus. Mangersnes brukte Vokal Nord for å illustrera det han hadde på hjarta, og ivrige tilhøyrarar fekk ta del i litt av det som ligg bak ei god framføring. Koret gjekk mellom anna gjennom Våren av Grieg og I midnattsolen på ein måte som få hadde høyrt tidlegare. Seinare på dagen var det lunsjkonsert og på ettermiddagen framførte Vokal Nord ein flott konsert i kultursalen. Til slutt bar det opp i Alulaen kor det var dekka til bankett, og festivalen vart offisielt avslutta.

Søndag tok over 170 vegen opp til Skårdalen i Øvre Tverrelvdalen på friluftsgudstjeneste, og saman med Hareid Mannskor og ein litt forskremt fjellvåk fekk me ei flott oppleving.

Mandag hadde Motettkoret semesteravslutning saman med Hareid Mannskor i Alta Friluftspark, og det var stort å stå der saman med det andre koret og synga "Høgt frå den himmelske klåra" dirigert av komponisten Johan H. Grimstad sjølv.

mandag 20. juni 2005

Landsfestival for kor i Alta

23.-26. juni skal Alta Motettkor væra med å arrangere Landsfestivalen for kor 2005. Det er Finnmark fylkesledd av Norges korforbund som står bak, og me gler oss til at kor fra heile landet kjem til Alta St.Hans-helga.

Det er litt av eit strev å vera med på eit slikt arrangement, og mange kommitéar har vore i sving med planleggjing i eit heilt år. Eg er med i Hovedkommiteen og PR-gruppa, og har ansvar for websider, avisannonser, trykkjing av program med meir. Eg har også tenkt å ta ein del bilete både under førebuingane og sjølve festivalen, og leggja nokre av dei ut på Alta Motettkor sitt Flickr fotoalbum og på festivalen sine websider.

fredag 10. juni 2005

Bestefar 100 år



Bestefar er 100 år 10.juni 2005. Han må vera Norges sprekaste bestefar, alderen tatt i betraktning, og ved eit slikt høve måtte det feirast. Heile familen var samla på Manger, og det var både tale frå ordførar og helsing frå kongen.

I avisa Nordhordland var det ein svær artikkel på 2 sider om "Den første Radværing fødd fri" ettersom bestefar vart fødd første dagen etter at Noreg vart eit fritt land frå union med Sverige.

Sjå fleire bilete frå feiringa


mandag 6. juni 2005

Lakseklondyke

Det var reine klondykestemning i Kåfjord i dag, etter at 90.000 laks er rømt frå eit oppdretsannlegg fredag. Me tok ein biltur innover søndag ettermiddag, og eg er sikker på at det var mist 2-300 personar som stod og fiska eller grilla, eller som stod og såg på at andre fiska og grilla innerst i fjorden. Folk stod tett i tett, noko dette bilete frå brua innerst i Kåfjord utover mot Kreta viser. Mange vart observerte på veg tilbake til bilane med smålaks på ca ein kilo i bæreposar.
Ut og inn av småbåthavna har det også vore eit yrande liv i helga, og båtar har omtrent gått i stim til Kåfjord. Sjølv prøvde eg med eit trollgarn fredagskvelden, men utan restultat i form av blankfisk. To ringnotsnurparar er på leiting etter restane av den rømde fiskestimen, men det er tydeleg at ein god del har funne vegen inn i Kåfjordstraumen.

tirsdag 24. mai 2005

Nå er midnattsola her

Nå er midnattsola her

Midnattsola her i år også, like facinerandes som alltid. No er det to månar til ho går ned, og det blir nok ikkje lett å leggja seg når ho skin som mest. Praktisk å kunna ta bilde med mobilen og senda både bilde og tekst direkte til asbjorns blogg via e-post utan å starte datamaskinen.

------
Helsing Asbjørn
tlf 90799471

tirsdag 17. mai 2005

Ny flaggstong til 17.mai

Ny flaggstong kom på plass til 17.mai. Flagg og flaggstong var ei gåve frå mamma og pappa40-årsdagen min, så no er hagen i Apanesveien 49 ein attraksjon rikare. For dei interesserte kan eg nevna at stonga på 7 meter er frå Midthaug, og flagget er på 2,5 meter. Pappa og eg starta utgraving så snart tæla gjekk, og støyping av fundament er eg ubeskjeden nok til å sei at eg klarte å få til heilt på eiga hand. Ivar og Frøydis var med og reiste opp stonga på 16.mai då dette biletet vart teke, og då måtte me sjølvsagt prøveflagga litt.
Men i dag på sjølvaste 17.mai har det altså vore den store prøven, og stonga stod heilt urokkeleg den, sjølv om det tok til å blåsa nokså friskt utpå ettermiddagen. Sjå fleire bilete frå 17.mai i Alta.

Altagård 17.mai 2005

Det vart ei nokså vemodig og spesiell 17.mai-markering på Altagård i år. Mykje folk var møtt fram kl 0900, og både obertsløyntnant, ordførar og russepresident heldt tale og bekransa bataen over dei falne under den andre verdenskrig. Alta Mannskor song og Alta Musikkorps spela, og på benken bak sat veteranane frå Alta Bbataljon som alle år tidlegare. Dei gjorde nok sine eigne tankar gamlekara, som for 65 år sidan var med på slaget ved Narvik, der tyskerane vart slegne tilbake i det som i ettertid vert kalla det første allietre angrepet under krigen.
Forsvaret i Alta har hatt ein lang og viktig historie, men no er det definitivt slutt. Sjølv om ordføraren håpa å få til minnemarkeringar ved Altagård også dei neste åra, må me nok innsjå at ein epoke er over. Erverdige Altagård skal seljast. Forsvaret har ikkje lenger bruk for husa, 50 år etter at den vart bygd. Det siste eg las var at årets sesjon skulle gå føre seg på hotellet - jaja. Altaposten har også ein kommentar til nedleggjinga av Forsvaret i Alta og dagens markering.

mandag 16. mai 2005

Snart midnattsol


16.mai er like før midnattsola kjem her i Alta. I Apanesveien har me orkesterplass med utsikt rett utover fjorden. I dag var foresten den første dagen med fint vårver, ellers har da vore nokså kjølig. Dagen vart ellers brukt til å raka og grilla i hagen. Nyydeleg.

tirsdag 10. mai 2005

Tinesnø


Vinteren vil ikkje heilt sleppe taket i år ser det ut for. I dag då eg såg ut av vindauga var det kvitt over alt, og det såg ut som om vinteren var på full frammarsj. Sommardekk var ikkje akkurat førstevalget for å sei det på den måten.

Utover dagen vart det stadig betre ver, og på ettermiddagen var det full sol og over ni varmegrader. Å sei at snøen forsvant som dogg for sola er nokså tåpelig formulert, det burde vera eit anna ordtak for akkurat dette fenomenet. Det er jo sånn det skal vera no om våren, at litt "tinesnø" får bort dei gamle svarte fonnene i vegkanten.

søndag 1. mai 2005

Tid for båtpuss

NordlandsbÃ¥t Når det vårast er det tid for båtpuss, og "Anna Siglar" treng eit par strøk med tjørekosten for å bli klar for årets sesong. Eg brukar berre ei tynn blanding av terpentin og rein milebrendt tjøre, gjerne ein tre-fire strøk utvendig. Då held det seg til neste år, og båtpussen er unnagjort på nokre få timar. Skraping og pussing er heilt unødvendig.
Tidlegare har eg brukt Trekkfasolje, men den flassar litt når sola står på. Riktignok er den raskare å tørka, men hvis eg berre brukar tynn nok blanding, tørkar terpentin og tjøre nesten like snart.

No gjennstår det berre litt innvending behandling, men det tek eg medan båten ligg ute ein dag det er godt ver. Det viktigaste utvendig er no gjort for i år, og båten er klar og sett ut på sjøen igjen. Heilt tett er han og.

"Anna Siglar" er ein seksæring, eller tre-roms nordlandsfæring som dei seirer her. Båten er bygd i Porsanger i Finnmark, og var akkurat i konfirmasjonsalderen då me kjøpte han for tre år sidan. Det høyrer snesegl til, skikkelig heimelaga type av seglduk impregnert med olderbark. Dei er veldig gode å segla desse båttypane, så no håpar me på fine sommadagar med sol og ein lett bris. Sjå fleire bilder av Anna Siglar.

lørdag 23. april 2005

Endeleg vaksen ...

Bursdagskake
Stakkars Asbjørn fylle førti, nu e han eldre enn i fjor.
Håret begynne svakt å gråne, ja åran sette sine spor.
Men enda e han både frisk og kjekk, og regnes som den vene her.
Blandt gutta som blir kalt de fagre, i Motettkorets store hær.

Nu e vi alle sammen kommen, vi feire her med fynd og klem.
og e det nån som har kjøpt gave, så se å komme frem med dem.
For vi kan ikke driv og heft han, han har så mye han sku gjort.
Vi ønske Asbjørn varmt til lykke, og nekte han å fløtte bort.


Ja sånn kan det også seiast, eller rettare sagt syngjast. Det var Thor Øines som var mester for denne visa, og fremførte den i aller lyseste tenor-toneart. Eg hadde invitert tenorane til kaffi på burdagen min, saman med mamma og pappa. Men så plutseleg troppa nesten heile Motettkoret opp med firstemt sjølvskreven song. Då var det jammen godt at me hadde stor nok kake...



ASBJؘRN FYLLER FؘRTI
Å vi vet om en kar langt her oppe i nord, med en stemme så klar, ja en supertenor.
Han har feiring i dag, og da e han i slag, nu for Asbjørn vi bursdagssang tar.
Fyller førti, fyller førti, fyller førti vår kjære tenor.
Fyller førti, fyller førti, fyller førti og nu e han stor!

Asbjørn guten er gild på sin datamaskin, er det noko han vil er han som olja lyn.
Sender mailar i fleng til ein syngjande gjeng, so at me ikkje rotar det til.
Fyller førti, fyller førti, lat oss syngja vår hyllest til han.
Fyller førti, fyller førti, fyller førti den stautaste mann!

Du er knakande god til å syngja i kor, me i knea vert mo av din solo så stor.
Og me vonar at du her i Alta vil bu, og vil vera Motettkoret tru.
Fyller førti, fyller førti, og me ynskjer deg lykke og hell.
Fyller førti, fyller førti, ha en innmari strålande kveld!

Tusen takk til Motettkoret som overraska med besøk og song og gave (takk til Bente og Birgit for teksten), og takk til mamma og pappa som kom eins ærend på besøk på 40-årsdagen min.

Og takk til Inger Johanne som ordna med kake og alt. Det vart jo ei strålandes feiring :-)

onsdag 13. april 2005

Søk i asbjorns blogg med FreeFind

Stadige små forbetringar på asbjorns blogg. Siste nytt er eit søkjeverktøy som eg har "dressert" til å søkja i bloggen, og til å oppføra seg nokonlunde slik eg vil :-) Verktøyet heiter FreeFind, og eg brukar som alltid gratis-versjonen. Først måtte eg definera ein konto og få passord, så kunne eg gå inn i eit kontrollpanel for å konfigurera systemet. Deretter var det å lima inn ein liten HTML-snutt i venstre marg på mal-sidene til Blogger.
FreeFind virka ok med standard-innstillingane, og etter litt knoting fann eg ut korleis eg kunne få søkjeresultatet lista ut tilpassa min eigen logo etc. Fann også ut korleis eg skulle endra navn på resultatsidene, og laga ei retur-kobling tilbake til asbjorns blogg. Til slutt fann eg faktisk ei forklaring på korleis eg på ein enkel måte kunne få alle kommentarar, hjelpetekstar etc. til å vera på norsk (rett nok på bokmål, men det får eg leva med). Det gjennstår no berre å laga ei eiga mal-side, slik at eg kan definera tegnsettet rett, no blir det litt krøll med Æ, Ø, Å... Men eg får sjå om eg orkar det ein annan gong. No funkar det rimeleg bra synes eg, og eg kan absolutt anbefala dette søkjeverktøyet for andre !

søndag 3. april 2005

Nordlys-katedralen

Nå er kirken blitt trendy kan me lesa i ei heilside omtale i dagens VG. Det er den planlagte Nordlys-katedralen i Alta dei tenkjer på. I følge VG er den nye kirka i Alta bli et av verdens mest spennende bygg, og det prestisjetunge arkitektmagasinet "Wallpaper" har omtala nykyrkja i si aprilutgåve. Her kan me lesa at arkitektkontoret Signatur har teikna katadralen som har sin inspirasjon frå nordlyset.

Det er på tide at media tek til å interessera seg for Nordlys-katadralen. Det har vore eit lang lærret å bleikja frå grunnsteinen vart lagt ned nyttårsdafta 1999, samstundes med at Alta markete sin bystatus. Dette skulle bli eit moumentalt bygg for dei neste hundre år, ein turistmagnet for Alta, og eit kyrkjemusikalsk kraftsentrum i landsdelen. Etter dette har det gått litt smått, kommunen har vore delvis lunken til investeringane til vidare planleggjing og endelg finansiering.

Alta Kommune som profilerer seg som "Nordlysbyen" treng å realisera Nordlyskatedralen. Kyrkja vil liggja midt i sentrum, for enden av den nye gågata, og med Halddetoppen i rett linje i bagrunnen. Det er knytt mykje historisk sus over denne fjelltoppen. Det var her vitenskapsmannen Kristan Birkeland 100 år tidlegare, nemlig i 1899 fekk bygd verda første nordlysobservatorie, og klarte ved hjelp av nøyaktige målinga og teoretiske modellar å forklara "nordlysets gåte". No er bygningane på Haldde delvis restaurerte, og vitnar om ei fordum storheitstid.

Meir moro med Flickr

På Flickr ligg det etterkvart fleire millionar bilete, og fleire kjem til dag for dag. Det geniale er som eg har nevnt før at ein kan definera eit eller fleire nøkkelord eller tags på engelsk til kvart av bileta. No har eit firma som heiter Airtech laga eit lite program for å bla i alle bileta på Flickr på basis av nøkkelorda.

Start Flickr Related Tag Browser og skriv inn nesten kva som helst nøkkelord, f.eks "Canada", og finn bilete derifrå. Det mest geniale er likevel at programmet leitar opp alle andre nøkkelord som er relaterte til Canada, gjennom at mange bilder er merkte med både dette nøkkelordet og eit eller fleire andre. Dei relaterte nøkkelorda vises rundt omkring, og på den måten klikka eg meg vidare inn på Vancouver og til Stanleypark, der eg fant eit fint bilete av dei kjende totempålane der. Det var litt morosamt, for eg såg eg faktisk desse med eigne auge i sommar, då eg var der borte saman med mamma og pappa på ein fantastisk flott tur.

fredag 25. mars 2005

Flickr er eit genialt program

Bilde til blogg og flickr samstundesEg har testa ut Flickr nokre dagar no, og er imponert over funksjonaliteten. Dette innlegget er for ekesmpel sendt via flickr til asbjorns blogg ved hjelp av e-post med bilde som vedlegg. For dei innvigde heiter visst dette moblog... Det finnes også eit lite tillegsprogram for å forenkla opplasting av bilete til Flickr, og då kan ein definera standardstørrelse og kor vidt bileta skal vera offentlige eller private på førehand.

Ved å klikka på bilde til venstre som er lagt ut vha Flickr, går du inn på mitt område og få sjå fleire bilder eg har lagt ut, og eventuelt kommentera hvis du har ein Flickr-konto. Det var faktisk ein frå Canada som skreiv ein kommentar til mitt fantastiske bilde av ein hest, berre eit par minutt etter at det var lagt ut :-) Bilda kan også knytast til ulike kategoriar (sets) og nøkkelord (tags) som gjer dei lettare å finna igjen. Her er eit døme på slideshow av alle bilder eg har merka med Huglo.

Eg har også testa ein liten spesialitet, med Flickr badge kan eit tilfeldig utval av mine bilder frå Flickr publiserast automatisk på ei anna webside. Eg kan definera antal bilder, størrelse og bakgrunnsfarge på bildestripa som skal publiserast. Sjå levande døme på dette på mi heimeside.

torsdag 24. mars 2005

Fotoalbum på nett

Eg har oppretta mitt eige flickr footalbum på nett. Adressa er www.flickr.com/photos/asbjorns og her kan eg leggja ut bilder som er tilgjenglige for kven som helst, eller som berre familie og vener kan få sjå. Alt skjer frå ein vanlig nettlesar, ingen ekstra program treng å installerast.

For å sjå mine offentlig tilgjengelige bilder, treng du ikkje logga inn, men for å få sjå mine private bilder må du få deg din eigen flickr konto. Det er gratis, og då kan du sjølv også publisera 10 MB bilder pr. månad. Skriv gjerne ein kommentar til denne artikkelen, så kan eg senda deg brukarnavn og passord til flickr.

Ting ein kan gjera


Maling av påskeegg er ein fin tradisjon som både små og store kan delta i på hytta. Påskeafta skal dei hengjast opp i bjørkeris som er tatt inn. Utafor vindauga på hytta får småfuglane mat, og det er spennande å sjå kva slags fuglar som kjem. Onkel likar å sitja ute på altanen med ei bok i sola, medan dei minste bykser omkring. Om kvelden fyrer me i peisen og kosar oss med Ludo og Uno og artige ting på PCen. Meir utfyllande rapport frå ting som skjer i påskefjellet kan lesast i hytteboka.

tirsdag 22. mars 2005

Påske på Gnitabu

Her er hytta vår, og sidan den var den minste av alle hyttene med flotte navn som endar på -bu i nabolaget, var navnet "Gnitabu" mest nærliggjande. Den er i allefall stor nok for oss, og skia på utsida røpar at det er fullt hus og stormande jubel... No har me til og med fått breiband her oppe, dette er skrive rett frå sofaen med bærbar PC trådlaust tilkobla det lokale breibandet. Det er slutt på den tida då hytteliv skulle vera ukomfortabelt. Her er straum, vatn og veg, og fleire butikkar og hotell like i nærleiken. Med 80 cm snø på flatmark, og sol frå nesten skyfri himmel er det berre å hiva på seg skia og komma til fjells. Det er preparerte løyper for dei som ynskjer det, både over tregrensa og nede i skogen. Velkommen til fjells!

tirsdag 15. mars 2005

Nyhetsspalte frå ein blogg

Eg har leita litt rundt på nettet dei siste dagane for å finna ut meir om dei små logoane med "RSS" eller som dukkar opp i bloggar og nettaviser. Eit bruksområde er å generera automatiske nyhetsspalter, og FeedSweep frå howdev.com er eit lite script på 1 linje(!) som hentar nyheter frå ei webside som er utstyrt med RSS/XML/Atom feed. Tenesta er gratis, sjå eit levande døme på dette der dei 4 nyaste oppslaga frå asbjorns blogg vert henta og lagt ut på mi heimeside.

søndag 13. mars 2005

asbjorns heimeside

Eg har oppretta heimeside på home.no/asbjorns
Sida vil hovedsakeleg verta brukt for å presantera lenkjer og nytt stoff frå bloggen og fotoalbumet. Det er gratis for privatpersonar og ikkje-kommersielle organisasjonar å etablera heimeseide og e-postadresse på home.no og tenesta som er den største i sitt slag her til lands, har ca 150.000 registrerte brukarar.

lørdag 12. mars 2005

Eg har fått Skype internett-telefon

Skype er eit system for å ringje gratis(!) via breiband. Du må lasta ned og installera Skype programmet på datamaskina, og så er det tut og kjøyr. I tillegg må du oppretta ein eigen Skype-konto. Eg har fått meg ein slik Skype konto, og har du lyst å ringja til meg kan du klikka på logoen, eller ringja: skype4790799471. Alle som har oppretta Skype-konto kan ringja gratis til kvarandre. Dessuten kan ein også ringje ut til vanlege telefonar frå Skype, men då kostar det noko. Å ringja til utlandet på denne måten er foresten mykje billigare enn med vanleg telefon.

Det går fint å bruka innebygd mikrofon og høgtalar i ein bærbar PC, og lydkvaliteten er fantastisk bra dersom breibandet held det det lovar. Det finnes også ein eigen trådlaus Skypetelefon å få kjøpt for ein tusenlapp. Med denne kan ein ringja både på Skype, og på det vanlige telelefonettet.

torsdag 10. mars 2005

Harald Tunheim i tet

Ein dag før mål leiar Harald Tunheim årests Finnmarksløp. Den loale supportargjengen er ikkje i tvil om kven som vert årets vinnar. Harald har lege som nummer ein og to heile løpet, og no i kveld leiar han med litt over ein halv time på Roger Dahl, også han frå Alta.

Det vert ein spennande innspurt siste strekkja fram mot Alta i morgon ettermiddag. Då har spanna vore ute i løypa i seks dagar, det er jammen godt gjort både for tobeinte og firbeinte.

lørdag 5. mars 2005

Finnmarksløpet 2005

I dag starta det 25. Finnmarksløpet frå Alta. Det er Europas lengste, og verdas nordlegaste sledehundløp. 1000 km frå Alta til Kirkenes og tilbake. Det var stor steming, ikkje minst hjå dei firbeinte under starten.

På nettet kan ein følgja resultatet minutt for minutt, og ut frå første sjekkpunkt på Skoganvarre no i kveld er det Harlad Tunheim som er først. Biletet viser lederhunden til Harald, Freyr, like etter starten. Her er det ikkje noko å sei på iveren. Tunheim er lærar i hundekjøyring på Øytun folkehøgskule, og er ein av dei lokale favorittane. Desutan er det litt ekstra stas at den første leiarhunden hans, Aili, er mor til vår hund Sondre.

onsdag 2. mars 2005

Dolly Deluxe

Dolly og Dolly Deluxe heitte desse to sympatiske sauene eg møtte heime på Huglo sist sommar. Det var ikkje lett å sjå forskjel på dei, men Dolly Deluxe (til høgre) hadde tatt ein spesiell øyrepermanent som vistnok skal ha blitt veldig populær for sauer i det siste.

tirsdag 1. mars 2005

Kommenter gjerne

Om du vil kan du kan gjerne skriva inn ein kommentar til desse artiklane i bloggen. Under kvar artikkel er dei ei lenkje til kommentarar, og her kan du skrive inn det du har på hjarta.
Hugs at kommentarar som vert lagt inn kan lesast av alle, eg forbeheld meg difor retten til å fjerna eventuelle kommentarar som er feilplassert eller kan virka krenkjande eller støytande.

asbjorns blogg

Eg har alltid likt å skriva. Synes det er kjekt å vri og venda på setningane. Gjera dei kortare. Eg tenkjer kanskje at dette vart jammen bra, det der fekk eg godt til. Men nokre dagar seinare kan eg få lyst til å ta teksten fram att ein gong til og gjera den endå litt betre. Det kan verta mykje moro av slikt.

Eg skriv mykje på jobben. Kvar dag. Men det vert ofte berre korte e-postmeldingar som ikkje har nokon samanheng med kvarandre, og som eg ikkje kan ta fram att og retta på seinare. Det synes er meir slitsomt.

asbjorns blogg er mi skrivetrening. Akkurat som ein skitur i lysløypa eller ei korøving ein mandagskveld. Det er viktig å trena jamt og trutt, og å ha eit mål å sjå fram til - ein sunn kropp, ein konsert, eller at nokon les det ein har skrive. Etterpå er ein spent å reaksjonen, vart det applaus og kva står det i lokalavisa dagen etter? Blogger-programmet vert dei nye treningsskia, ein ny reidskap som gjer det både lettare og kjekkare enn før å skriva. Og bloggen vert julekonserten med stort publikum og applaus. Det er det det handlar om.

mandag 28. februar 2005

Generell teori om blogging

Eg forsøkte å finna nokre teoretiske tilnærmingar omkring blogging, og det kan sjå ut for at UiB har ein god del kompetanse på området. Resultatet av dette søket avslørar heilt klart at eg er fersk på området. Difor er ikkje lista nedanfor meint å vera noko utfyllande oversikt, men snarare er ei lita liste med det eg har funne hittil, og som det kan vera nyttig for meg sjølv å ta fram att og studera nærare. Akkuart når eg skreiv dette, trur eg at eg fatta litt av poenget - om kva blogging eigentleg handlar om. Det føltes godt :-)

Huglatre

Far min, Arne Sortland er ivrig og flink med hendene, og då han vart pensjonist starta han med dreing, knivlaging, treskjæring og anna sløydarbeid. Hugla-tre er navnet han brukar på hobbyverksomheita si, og då internettalderen kom, måtte han få litt hjelp av meg til å laga si eiga heimeside.
På biletet ser du dei populære natknekkjene han lagar av kristorn. Treslaget veks veldig godt på Huglo, og er faktisk også symblet i kommunevåpenet til Stord. Den flotte kristornen er kanskje mest kjent som pyntegrønt til jul, men det er også svært sterkt og hardt, og me kallar det for "beinved" sidan det er hardt som bein og nokså lyst i fargen.

søndag 27. februar 2005

Alta Motettkor

Eg har alltid vore interessert i kor, og då me flytta til Alta i 1990 begynte eg i Alta Motettkor. Det har blitt mange flotte kor-opplevelsar, både på konsertar, turar, Øvingsseminar og alle dei vanlege kvardagsøvelsane som Ottar Grimstad, dirigenten vår kallar det. Koret har no fått seg heimeside på adressa http://www.altamotettkor.no/ og det er eg som har ansvaret for denne. Her er tilrettelagt informasjon både for publikum og medlemmer.

Sortland Møbelfabrikk AS

SmåenSortland Møbelfabrikk AS er ein familiebedrift som far min, Arne Sortland starta. No er det bror min, Njål Sortland som driv bedrifta vidare. Fabrikken ligg på øya Huglo i Stord kommune, og har ca 10 ansatte. Eg har laga nettsidene, og lagt vekt på at dei skal vera enkle og stilreine, og følgja stilen frå den trykte katalogen. Desverre fekk me ikkje sortland.no domene, så det måtte bli www.sortland.as i staden for.

lørdag 26. februar 2005

KomSa

Navnet KomSa står for Kommunikasjon og Samhandling, og systemet er eigd av Statped. Du finn KomSa på www.komsa.no. Systemet er basert på FirstClass, og har vore i drift sidan 1995. KomSa feirer med andre ord 10 årsjubileum i år (!) og eg har hatt hovedansvar for drift og utvikling heilt frå oppstarten. Sjå også min KomSa blogg.

Statped

Statlig spesialpedagogisk støttesystem (Statped) er eit nasjonalt tenesteytande system som skal bistå skuleeigarar med å tilretteleggje for ei kvalitativ god opplæring for born, unge og vaksne med særskilte opplæringsbehov. Statped er underlagt Utdanningsdirektoratet, og består av 15 sjølvstendige statleg eigde kompetansesentre med om lag 800 tilsette. I tillegg vert det kjøpt tenester frå andre spesialpedagogiske sentre og institusjonar.

fredag 25. februar 2005

Nordnorsk kompetansesenter

Eg arbeider ved Nordnorsk kompetansesenter i Alta. Senteret har fått tillagt ansvar for drift og utvikling av felles IT-system og -nettverk i Statped, og eg er rådgjevar i Teknisk driftsgruppe. Eg er utdanna ingeniør med hovedansvar for KomSa / Statped intranett, og har arbeidd ved senteret sidan 1990.

her startar denne bloggen

Blogg eller weblogg som det vel eigentlig heiter, er ei form for heimeside som er blitt veldig populær den siste tida. Artiklane er lett å skriva inn, og dei vert liggjande etter dato med det nyaste øverst. Eg måtte derfor rett og slett berre prøva å oppretta min eigen blogg, for å finna ut om blogging kan vara godt for noko. Eg har laga nokre websider om forskjellige emner tidlegare, så eg tenkte eg vill starta asbjorns blogg med å skriva litt om kvar av dei. Ellers er det vanskeleg å komma på alt eg vil skriva om på førehand, og det er vel akkurat det som er poenget - at ein blogg blir til sånn litt etterkvart :-)

Det var foresten heilt gratis å oppretta sin eigen blogg på blogger.com, og slett ikkje så vanskeleg som ein skulle tru. Takk også til google som står for finansieringa slik eg forstår. Eg har gjort nokre forsøk på å oversetja malane i denne bloggen frå engelsk, men det var ikkje så lett. Det er derimot veldig enkelt å byta farge og utsjånad på heile greia, hvis eg skulle vera i det hummøret ein dag.