torsdag 10. mars 2005

Harald Tunheim i tet

Ein dag før mål leiar Harald Tunheim årests Finnmarksløp. Den loale supportargjengen er ikkje i tvil om kven som vert årets vinnar. Harald har lege som nummer ein og to heile løpet, og no i kveld leiar han med litt over ein halv time på Roger Dahl, også han frå Alta.

Det vert ein spennande innspurt siste strekkja fram mot Alta i morgon ettermiddag. Då har spanna vore ute i løypa i seks dagar, det er jammen godt gjort både for tobeinte og firbeinte.

1 kommentar:

Asbjørn Sortland sa...

Det vart berre andreplass på Harald, men det er absolutt godkjent. seieren gjekk til Roger Dahl etter ein kjempespurt frå Karasjok til Alta.