
Det var reine klondykestemning i Kåfjord i dag, etter at
90.000 laks er rømt frå eit oppdretsannlegg fredag. Me tok ein biltur innover søndag ettermiddag, og eg er sikker på at det var mist 2-300 personar som stod og fiska eller grilla, eller som stod og såg på at andre fiska og grilla innerst i fjorden. Folk stod tett i tett, noko dette bilete frå brua innerst i Kåfjord utover mot Kreta viser. Mange vart observerte på veg tilbake til bilane med smålaks på ca ein kilo i bæreposar.
Ut og inn av småbåthavna har det også vore eit yrande liv i helga, og båtar har omtrent gått i stim til Kåfjord. Sjølv prøvde eg med eit trollgarn fredagskvelden, men utan restultat i form av blankfisk. To ringnotsnurparar er på leiting etter restane av den rømde fiskestimen, men det er tydeleg at ein god del har funne vegen inn i Kåfjordstraumen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar