
Me hadde ein fabelaktig tur til Svalbard sist veke. Fredagen var det møter saman med Umoe IKT og Cisco på den flotte nye Forskningsparken ved Universitetet på Svalbard som opnar offisielt 26. april i år i samband med markeringa av Longyearbyen 100 år.

Det var ein veldig spennande arkitektur med heil koparkledning utvendig, og lyst treverk og mykje bruk av kopar også innvendig. IT-gutta viste oss mellom anna nettverks- og IP-telefoniløysingar av same type som me held på å installera hos oss i Statped. Dei har også nyleg fått fiberkabel til fastlandet gjennom Uninett.
Laurdag lånte me fullt utstyr og la ut på skutertur i "turistområdet" i retning Barentsbug, og sjølv om me måtte snu på grunn av mykje fokksnø, var det ein flott tur. Om ettermiddagen la derfor nokre av oss på ein ny liten kevldstur over Longyearbreen og ned mot Coles Bay. Den turen var ein højdare med nydeleg solnedgang. Søndagen var det langtur heilt til østkysten med guide, men været var nokså surt og kaldt, og det me huskar mest var kanskje kulig og snøfokk og "kolonnekjøring" over breen.

Isbjørnfoto: Lasse.
Sjå bilder eg tok på Svalbard, eller sjekk Lasse sin blogg og Børge si heimeside.