
"Sildo e komen" sa dei gamle, når årets vintrasild kom inn fjordane og til vågane rundt
Huglo. For oss som vaks opp på syttitalet var dette berre gamle historiar og eventyr. Sette me ut gadn om vinteren fekk me oftast berre nokre nokre få sildar om me var heldige. Eg hugsar forresten at me fekk litt fleire ein gong, opp i 70 trur eg på det meste. Ellers kunne me trygt setja ut både to og fira sildagadn uten å vara redd for at me ikkje skulle klara å bera heim fangsten. Da var rett og slett lite sild å få, og pappa laut samla heile vinteren for å få nok til å røykja sild i
eldhuset.
I dei siste åra har sildafiskje på Huglo tatt seg opp, noko fangstrapportar frå både slekt og grannar, og vareprøver frå pappa kan fortelja. Men det er framleis langt frå slike mengder som i historiane me har fått fortalt frå gamle dagar. Da var derfor ikkje med så veldig stor forventning me vart med å dra sildagadn no på fredag. Pappa og Per Egil hadde sett ut rett frå kaien slik dei brukar, men fortalte at dei hadde lagt merke til at garna sokk ned like etterpå. Antakelig var det gått på ein liten stim med det same. Dei hadde rett. Da var gått på ein heil stim, og Per Egil kunne berre ausa inn stor sild. Heile båten vart mest fylt framme før me kom til endes. Heldigvis hadde pappa med traktoren, og tre store stampar med sild kunne køyrast heim.
Sjå fleire bilder. Da vart eit heila arbeid, og hundrevis av sild skulle sløyast og saltast, eller fileterast og bli til sildakaker. Mamma stod heile kvelden og steikte, og hos Per Egil var da lys ute i kjellarhalsen der han stod og steikte kaker til langt på natt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar