
Ny flaggstong kom på plass til 17.mai. Flagg og flaggstong var ei gåve frå
mamma og pappa på
40-årsdagen min, så no er hagen i Apanesveien 49 ein attraksjon rikare. For dei interesserte kan eg nevna at stonga på 7 meter er frå
Midthaug, og flagget er på 2,5 meter. Pappa og eg starta utgraving så snart tæla gjekk, og støyping av fundament er eg ubeskjeden nok til å sei at eg klarte å få til heilt på eiga hand. Ivar og Frøydis var med og reiste opp stonga på 16.mai då dette biletet vart teke, og då måtte me sjølvsagt prøveflagga litt.
Men i dag på sjølvaste 17.mai har det altså vore den store prøven, og stonga stod heilt urokkeleg den, sjølv om det tok til å blåsa nokså friskt utpå ettermiddagen.
Sjå fleire bilete frå 17.mai i Alta.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar